Fra Olaug: Om det skulle vere elevar med Mac som står fast, er oppskrifta denne: Problem: Du prøver å opne fila «Hypatia_7.4_Masterclass.jar», men får meldinga «kan ikke åpnes fordi den kommer fra en ukjent utvikler». Løysing: Gå inn i eplemenyen og velg «System preferences/Systemvalg» Velg ikonet med hus, «Security and privacy/Sikkerhet og personvern». I boksen som kjem opp, velger du «Generelt» i den øverste lista, der får du opp eit val om å opna sjølv om den er uidentifisert. MEN: Valget for å opne fila likevel er berre synleg ei stund etter at du har prøvd å opne programmet. Så om det valget manglar, må du prøve å opne programmet ein gong til først. No er Hypatia oppe og går på maskina mi, så då reknar eg med at det burde gå greit for elevane også.